Kafr Qara eller Kafr Qari (arabisk كفر قرع, ) er ein israelsk-arabisk by, 40 km søraust for Haifa i Israel. I 2009 var folketalet 15 300. Kfar Qara har rekorden for flest legar i høve til folketalet i landet, kring 14,8 legar per tusen innbyggjarar (2007), i tillegg til å ha flest akademikarar og folk med mastergrad i høve folketalet.http://www.haaretz.co.il/misc/1.1449256

Kafr Qara er ein del av Triangelet. Han ligg i Wadi Ara-regionen, nordvest for den grøne linja. Dei fleste innbyggjarane er muslimar. Han vert styrt som ein lokal kommune.

Historie I 1859 var folketalet 450 innbyggjarar..Conder and Kitchener, 1882, SWP II, p. 42 I 1883 skildra Palestine Exploration Fund Kefr Kara i i Survey of Western Palestine som ein «stor steinlandsby i høgareliggande område, med ein brunn i aust og grotter».

I folketeljinga i 1922 utført av dei britiske mandatstyresmaktene hadde Kufr Qara 776 innbyggjarar, ni kristne og 767 muslimar.Barron, 1923, Table XI, Sub-district of Haifa, p. 34 Dette hadde auka i 1931 til 1 109, fire kristne og 1 105 muslimar, i 198 hus.Mills, 1932, p. 94

I 1945 hadde Kafr Qari eit folketal på 1 510 arabarar, som eigde 14 543 mål land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, ' 1970, p. 48 Av dette var 227 mål for plantasjar og kunstig vatna land, 11 516 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 90 medan 25 mål var utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 140

Sjå òg Arabiske stader i Israel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kafr Qara» frå , den 7. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til Kafr Qari'

Kategori:Lokale kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Wadi Ara Kategori:Lokale kommunar i Haifa distrikt