Mei Ami (hebraisk skrift מֵי עַמִּי) er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Wadi Ara kring to kilometer sør for Umm al-Fahm med eit areal på 3 500 dekar og høyrer til Menashe regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 270.

Landsbyen vart grunnlagd i 1963 som ei Nahal-busetjing, og vart gjort sivil i 1969, då han vart ein kibbutz. I 1971 vart han omgjort til ein moshav shitufi og i 2006 til ein moshav ovdim. Han er kalla opp etter Miami i Florida, sidan det jødiske samfunnet i byen hjelpte til med grunnlegginga.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mei Ami» frå , den 11. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Moshavar Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Tidlegare kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1963 Kategori:Busetnader i Haifa distrikt