The Live Anthology er ein samleboks med konsertopptak av det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers. Boksen vart gjeven ut av Reprise Records den 23. november 2009 i fleire format. Standardutgåva kom på CD og i digitalt format, med 48 spor på fire plater.

Bakgrunn I eit intervju med Rolling Stone sa Petty at han samla konsertopptak i lag med Mike Campbell og Ryan Ulyate frå tre tiår med konsertar.

I 2008 byrja Ulyate å gå gjennom arkivet med konsertopptak som Petty hadde og skapte eit iTunes-bibliotek med 170 konsertar med i alt 3 509 opptak av 400 unike songar. «Eg sørgde for at Tom og Mike høyrde kvar einaste song dei hadde spelt,» sa Ulyate, «Og eg rangerte konsertane med eit stjernesystem.»

Gjennom karrieren har Petty dokumentert mange av konsertane sine, frå seint i 1970-åra og fram til i dag. «Eg er glad me gjorde det. Eg syns dette er eit av dei store livebanda i rock & roll. Og du forstår oss verkeleg etter å ha høyrt denne samlinga. Det var moro å setje samlinga saman.»

Fleire andre songar vart miksa, men kom ikkje med på albumet. «Shadow of a Doubt (A Complex Kid)», «Don't Do Me Like That» og Eddie Cochran sin «Somethin' Else» framført ved Hammersmith Odeon, 6. mars 1980, vart gjevne ut på luksusutgåva av Damn the Torpedoes.

Innhald Standardutgåve

Luksusutgåve Den 22. november 2009, før standardutgåve og dei digitale formata, gav Best Buy ut ei eksklusiv «Deluxe Edition» av plateboksen. Denne inneheldt dei fire platene frå standardutgåva, i tillegg til ei femte plate, to DVDar, ei vinylutgåve av albumet Official Live 'Leg frå 1977 og ein Blu-ray Disc med alle dei 62 songane i boksen i 5.1 fleirkanals 96K 24-bit lyd. Innpakkinga kom òg med ein konsertplakat, kopiar backstage-pass, eit hefte, eit litografi og fleire bonusting.

DVD 400 Days, ein dokumentar filma under innspelinga og turneen for albumet Wildflowers i 1995

Medverkande The Heartbreakers: Tom Petty (alle spor) - solovokal, rytmegitar, sologitar, munnspel, perkusjon Mike Campbell (alle spor) - sologitar, mandolin, Marxophone Benmont Tench (alle spor) - piano, klaverinstrument, korvokal Ron Blair (1976–1981, 2002–2006) - bassgitar, korvokal Stan Lynch (1976–1993) - trommer, korvokal Howie Epstein (1982–2001) - bassgitar, korvokal Scott Thurston (1993–2007) - korvokal, rytmegitar, klaverinstrument, munnspel Steve Ferrone (1995–2006) - trommer

Andre medverkande: Phil Jones (1981–1983) - perkusjon The Big Money Orchestra, arrangert og dirigert av Jon Brion - strykarar og blåsarar på «Dreamville», strykarar på «Like A Diamond» David Hoskot - perkusjon på «My Life/Your World» Stevie Nicks - korvokal på «Learning To Fly» Bobby Valentino (UK) - fiolin på «Louisiana Rain» Del Shannon - korvokal på «Breakdown» (1978-versjonen frå nyårskonserten) Phil Seymour - korvokal på «Breakdown» (1978-versjonen frå nyårskonserten)

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «The Live Anthology» frå , den 16. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tom Petty-album Kategori:Musikkalbum frå 2009 Kategori:Samlealbum frå 2009 Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Videoalbum frå 2009 Kategori:Rockumentarar