Rustgrimeparakitt (Bolborhynchus ferrugineifrons) er ein sårbar parakitt og han er endemisk for Colombia med utbreiing i høgtliggande, sentrale Andes, frå Cauca-departementet i sør, nord gjennom Tolima til Caldas.

Skildring Rustgrimeparakitten er ein liten, tjukkfallen, mørkegrøn parakitt på om lag 18-19 centimeter i kroppslengd. Rundt nebbet er han raudbrun, undersida noko lysare grøn, og primærfjørene er i blått.

Denne parakitten lever i krattskog og lågvoksen dvergskog i grenesområde mellom jordbruksland og páramo-stepper i høgder mellom 3200 til 4000 moh., nokre gonger heilt ned til 2800 moh. Her lever han helst av grasfrø og blomar.

Populasjonen er estimert til mellom to og fire tusen vaksne individ, og er trudd å vere minkande. Trugsmåla er utviding av jordbruksareal i lågaste delane om utbreiingsområdet og vedsanking i dei høgste. IUCN har klassifisert arten som sårbar, VU.

Kjelder

Collar, N. & de Juana, E. (1997). Rufous-fronted Parakeet (Bolborhynchus ferrugineifrons) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. april 2015 BirdLife International (2021) Species factsheet: Bolborhynchus ferrugineifrons. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. mars 2025

Bakgrunnsstoff

Bilete av rustgrimeparakitten på Flickr.com Foto: Maria Teresa Jaramillo

Kategori:Parakittar Kategori:Fuglar endemiske for Colombia Kategori:Fuglar i andesregionen