Anton Odin Eriksen () var ein norsk jurist frå Trondheim og Høgre-politikar.

Eriksen var son til ein underinspektør ved Trondhjems landsfængsel. Sjølv tok han studenteksamen ved katedralskulen i Trondheim 1884 og juridisk embetseksamen i 1890. Han var sorenskrivarfullmektig på Nordmøre 1890–95 og politifullmektig i heimbyen frå 1895 til 1911. Som politifullmektig var han tidvis konstituert fut i Strinda og Selbu samt byfogd og politimeister i Trondheim. Deretter var han statsadvokat i Nordlands amt 1911–13 og politiinspektør i Kristiania 1913–21. I 1921 vart han utnemnd til politimeister i Bergen.

Eriksen var medlem av Trondheim bystyre som konservativ representant for Edruelighetsvennenes parti 1901–07 og forlikskommissær i Trondheim 1907–11. Perioden 1910-12 representerte han valkrinsen Kalvskinnet og Levanger på Stortinget. Han vart vald til tingmann som kandidat for Høgre på ei fellesliste med Frisinna Venstre, og var medlem av Stortinget sin gasje- og pensjonskomité. Eriksen var også medlem av Den departementale komitéen av 1912 om den militære rettspleia.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Norske politimeistrar Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Trondheim