Biggi Bachmann er ei tidlegare songarinne frå Liechtenstein.
I 1975 kom den fyrste singelen hennar ut, «Herzbrecher». Etter ei intern utveljing i 1976 skulle ho ha vorte den fyrste liechtensteinske deltakaren i Eurovision Song Contest med songen «My Little Cowboy». Ho fekk likevel ikkje delta av di Liechtenstein på dette tidspunktet korkje hadde nokon eigen radiosendar eller fjernsynskringkastar.«Ones That Got Away», nulpoints.net; ESC 1976, ecgermany.de I 1979 kom den andre singelen hennar ut, «Musik Musik». Med denne deltok ho i den nasjonale Eurovision-tevlinga til Sveits, der ho enda på ein sjetteplass.Biggi Bachmann, 45cat.com
Diskografi 1975: Herzbrecher (Single, Ariola) 1979: Musik Musik (Single, Ariola)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Biggi Bachmann» frå , den 4. mai 2015.
Kategori:Liechtenstein i Eurovision Song Contest Kategori:Liechtensteinske songarar Kategori:Liechtensteinarar