Buenaventura er ein hamneby i Valle del Cauca-departementet i Colombia. Buenaventura, spansk for 'lukke', er den viktigaste hamna på den colombianske stillehavskysten.Los Angeles Times Colombian crackdown appears to be paying off 21. september 2009, henta 8. mai 2015

mini|venstre|Frå hamna i Buenaventura Buenaventura er ein by med ein folkesetnad på 292 947archive.is Buenaventura population figures henta 8. mai 2015 etter folketeljinga i 2005, og det meste av arealet av kommunen er landleg med spreidde små landsbyar. Folkesetnad er hovudsakleg av afrikansk avstamming (85 %) med 10 % blanda europeisk og urfolk og 5 % av spansk avstamming.

Byen vart grunnlagt 14. juli 1540. På den tida levde buscaja-indianarar i området og byen vart øydelagt av indianarar før 1600 og seinare gjenbygd. Buenaventura blomstra etter opninga av Panamakanalen i 1914. Per 2011 var byen prega av fattigdom og vald, og rekna som eit senter for kokainhandel i Colombia.BBC News Drug submarines: Colombia's underwater cocaine traffic, 27. april 2011, henta 8. mai 2015

Buenaventura har ei av dei største hamnene på kontinentet, står for om lag halvparten av all colombiansk import og eksport over havet,Financial Times nettavis Lawless Colombia port to play key role in Pacific Alliance 1. april 2014, henta 8. mai 2015 og ca. 80 % av all kaffieksport frå landet går over hamna. Men byen har vore hemma av gjengrelatert aktivitet der ein slåst om kontroll av hamna, noko som gjer han til ein av dei farlegaste og fattigaste byane i Colombia.

Buenaventura har historisk rykte for å vere plaga av dei colombianske væpna konfliktane, narkotikahandel, vald, og nærvere av gerilja og paramilitære grupper.BBC News Colombian port city terrorised by criminal gangs 20. mars 2014, henta 8. mai 2015 På grunn av valden i Buenaventura skreiv New York Times ein artikkel med tittelen Cocaine Wars Make Port Colombia’s Deadliest City .Cocaine Wars Make Port Colombia’s Deadliest City 22. mai 2007, henta 8. mai 2015

Buenaventura ligg ca. 30 kilometer frå den vestlege cordilleraen av Andes og langs bilveg ca. 145 kilometer frå den store byen Cali, hovudstaden i Valle del Cauca-departementet. Buenaventura er ein av dei mest regnfylte byane i verda med 6000-7000 mm årleg nedbør. Middeltemperaturen over døgnet varierer lite gjennom året og ligg på ca. 26 °C.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Buenaventura, Valle del Cauca» frå , den 8. mai 2015

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Colombia Kategori:Busetnader grunnlagde i 1540-åra