Kenan Evren () var ein tyrkisk general som frå 1980 til 1989 var den sjuande presidenten i Tyrkia. Han tok makta gjennom å leie eit militærkupp i 1980.

Den 18. juni 2014 dømde ein tyrkisk rett han til livsvarig fengsel, og degraderte han frå general i høren til meinig soldat. Han vart dømt for å ha leia miltærkuppet i 1980, og ha hindra folkestyret ved å avsetje statsminister Süleyman Demirel, oppløyse parlamentet og senatet, samt opphevde grunnlova.

Evren, som var fødd i Alaşehir, døydde ved eit militærsjukehus i Ankara.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kenan Evren» frå , den 16. mai 2015.

Kategori:Tyrkiske presidentar Kategori:Tyrkiske militære