Latvia debuterte i Eurovision Song Contest i 2000 og har delteke kvart år sidan. Latvia har vunne Eurovision Song Contest ein gong, i 2002 med og songen «I Wanna». Latvia har også ein tredjeplass og ein femteplass. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har landet kvalifisert seg til finalen 6 av 18 gongar.

Utover i 2010- og 2020-åra har landet markert seg som eit av dei svakaste resultatmessig i konkurransen. Dei siste 14 åra har landet berre kvalifisert seg til finalen to gongar, sist i 2016. I tillegg har Latvia komme sist i sin semifinale fem gongar, fleire enn noko anna land.

Historikk Det er den latviske som sender Eurovision Song Contest i Latvia, og som har ansvaret for å velje det latviske bidraget. Frå 2000 til 2012 blei landets song og artist kåra gjennom den nasjonale finalen Eirodziesma. I 2013 skifta finalen namn til Dziesma, og i 2015 blei den nasjonale finalen erstatta av eit nytt konsept, Supernova.

Sterk debut

Latvia var påmeldt i 1999, men trekte seg før den endelege fristen. Debuten kom i Stockholm i 2000 med gruppa og songen «». Latvia kom på tredjeplass, med 12 poeng frå Noreg, Estland, Finland og Belgia. Dette er framleis ein av dei sterkaste debutane i historia til Eurovision Song Contest nokon gong.

Dei neste åra svingte resultata kraftig. Landet blei nummer 18 i 2001 og kvalifiserte seg med naud og neppe til konkurransen i 2002, etter at Portugal sa frå seg plassen i konkurransen. Det skulle vise seg å vere eit lykketreff for Latvia, som enda opp med å vinne 2002 med Marie N og «I Wanna». Som følgje av sigeren blei Eurovision Song Contest 2003 arrangert i den latviske hovudstaden, Riga. Marie N og , vokalisten i Brainstorm, var programleiarar. På heimebane blei gruppa F.L.Y. nummer 24 av 26, med berre fem poeng frå nabolandet Estland.

Sju år utan finale Året etter kvalifiserte ikke Latvia seg til finalen, men i 2005 enda landet opp på ein femteplass med duoen Valters og Kaža og songen «The War Is Not Over». Dette er framleis den tredje beste plasseringa til Latvia i Eurovision Song Contest.

Etter suksessen i 2005 innleia Latvia ein resultatmessig svak periode i konkurransen. Dei tre neste åra følgde middelmåtige plasseringar, og i seksårsperioden 2009–2014 kvalifiserte ikkje Latvia seg til finalen ein einaste gong. Tre av desse åra kom også Latvia sist i semifinalen. I Wien i 2015 fekk Latvia ein opptur og enda opp på ein sjetteplass i finalen med Aminata og songen «». Landet sikra seg sin andre finaleplass på rad med i 2016.

I 2017 innleia Latvia ein ny, svak periode resultatmessig. Seks år på rad har Latvia blitt slege ut i semifinalen, inkludert to sisteplassar i semifinalen. Landet har dimed ikke vore i ein Eurovision-finale sidan 2016 og er resultatmessig blant dei svakaste landa i konkurransen den siste tiårsperioden.

Språk Latvia har stort sett framført sine bidrag på engelsk, men song på latvisk i 2004, på italiensk i 2007 og på russisk i 2009.

Deltakarar Under er ei liste over bidraga til Latvia, plasseringar og poeng i konkurransen sidan debuten. År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Plass Poeng Plass Poeng 2000 «» Engelsk 3 136 rowspan="4" colspan="2" data-sort-value="99999" 2001 «Too Much» Engelsk 18 16 2002 «I Wanna» Engelsk 1 176 2003 «Hello From Mars» Engelsk 24 5 2004 og «Dziesma par laimi» Latvisk colspan="2" 17 23 2005 og «The War Is Not Over» Engelsk 5 153 10 85 2006 «I Hear Your Heart» Engelsk 16 30 colspan="2" data-sort-value="-9999" 2007 «Questa notte» Italiensk 16 54 5 168 2008 «Wolves of the Sea» Engelsk 12 83 6 86 2009 «Probka» (Пробка) Russisk colspan="2" rowspan="6" 19 7 2010 «What For?» Engelsk 17 11 2011 Musiqq «Angel in Disguise» Engelsk 17 25 2012 Anmary «Beautiful Song» Engelsk 16 17 2013 «Here We Go» Engelsk 17 13 2014 «Cake to Bake» Engelsk 13 33 2015 Aminata «Love Injected» Engelsk 6 1862155 2016 «Heartbeat» Engelsk 15 132 8 132 2017 «Line» Engelsk colspan="2" rowspan="3" 1821 2018 «Funny Girl» Engelsk12106 2019Carousel«That Night» Engelsk1550 Samanta Tīna«Still Breathing» Engelsk colspan="4" 2021«The Moon Is Rising» Engelsk rowspan="3" colspan="2" 17 14 2022 Citi Zēni «Eat Your Salad» Engelsk 14 55 2023 Sudden Lights «Aijā» Engelsk og latvisk 11 34 2024 «Hollow» Engelsk 1664772 2025 Tautumeitas «Bur man laimi» Latvisk 131582130 2026 «» Latvisk

Røystehistorikk Oversikt over poeng til og frå Latvia i finalar og semifinalar sidan debuten i 2000. Tala er henta frå nettstaden ESC Database. Ved like mange poeng, blir landa rangert etter kor mange prosent dei har gjeve av høgaste moglege oppnåelege totalscore. Finalane

+ Latvia har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 175 02 168 03 161 04 156

+ Latvia har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 119 02 103 03 74 04 69 05 51

Semifinalane (2004–2021)

+ Latvia har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 98 02 93 03 73 04 68 05 65

+ Latvia har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 98 02 56 03 51 04 49 05 41

Eurovision Song Contest i Latvia År Stad Arena Programleiarar 2003 Riga Olimpiskā Skonto halle og

Kommentatorar og poengopplesarar År Kommentator Poengopplesar1970 Sendt i Sovjetunionen rowspan=6 1971–1977 1978 Sendt i opptak i Sovjetunionen 1971–1989 1990 Sendt i Sovjetunionen 1991–1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 og 2012 2013 Anmary 2014 2015 og 2016 2017 2018 og 2019 og 2021Toms Grēviņš (alle show) og (finalen)Aminata Savadogo2022Toms Grēviņš (alle show) og Lauris Reiniks (finalen)Samanta Tīna2023Jānis Pētersons

Galleri

Sjå òg Latvia i Junior Eurovision Song Contest

Referansar

Kjelder Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Latvia i Eurovision Song Contest» frå , den 12. april 2024.

Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Latvisk musikk