Øre kyrkje er ei krosskyrkje frå 1865 som står i Skeisdalen i Gjemnes kommune, Møre og Romsdal fylke. Bygget er i lafta tømmer og har 330 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Gustav Olsen frå Trondheim.
I tårnet finst to kyrkjeklokker, den eldste frå 1759 og den andre frå 1865. Den eldste er av Steen & Borchardsen og har ei inskripsjon: "Soli deo Gloria". Den andre er frå Nidelvens verk.
Øre er ein gamal kyrkjestad og her har tidlegare stått ei stavkyrkje. Kyrkjegarden er frå mellomalderen og automatisk freda.
Altartavla er frå 1906 med motivet Jesus i Getsemane. Ho er måla av Marie Hauge. Kyrkja har og eit gamalt trekross med Kristusfigur.
Øre kyrkje er soknekyrkje i Øre sokn i Indre Nordmøre prosti.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Gjemnes Kategori:Kulturminne i Gjemnes Kategori:Kyrkjer i Indre Nordmøre prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1865 Kategori:Trekyrkjer Kategori:Krosskyrkjer i Noreg