Otto Jensen () var ein norsk teolog, statsråd og biskop i Den norske kyrkja.
Jensen vart cand.theol. ved Det teologiske fakultetet i 1879. I 1898 disputerte han til den teologiske doktorgraden same stad, med avhandlinga Om soning og forsoning.
Jensen arbeidde som lærar i Oslo og Stavanger frå han tok teologisk embetseksamen i 1879 til han vart residerande kapellan ved Asak kyrkje i Berg, Østfold 1889, seinare i Sankt Petri kyrkje i Stavanger i 1899. I 1905 vart han sokneprest i Skjeberg.
Jensen var kyrkje- og undervisningsminister i Regjeringa Michelsen frå januar 1906 til oktober 1907.
Han vart utnemnd til stiftprost i Oslo i 1913, og i 1917 vart han biskop i Hamar bispedømme. Han fekk ei kort tid i embetet, og døydde allereie året etter.
Jensen vart oppfatta som ein frisinna teolog som freista å verka som ein brubyggjar under kyrkjestriden på byrjinga av 1900-talet.
Han var far til biskop Eivind Berggrav.
Kjelder
Kategori:Biskopar i den norske kyrkja Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Michelsen Kategori:Folk frå Kongsberg Kategori:St. Olavs Orden