Walter Zenga () er ein italiensk fotballtrenar og tidlegare målvakt frå Milano som er best kjend for sine år i Inter. Han vann seriegull med klubben i 1989 og to UEFA-cuptitlar i høvesvis 1991 og 1994. I 1990 fekk han ein bronsemedalje då Italia vann bronsefinalen under fotball-VM på eigen grunn.

Fotballspelar og -leiar Klubbspel Etter spel i Serie B fekk han kontrakt med Milano-klubben Inter i 1982. Han debuterte i Serie A i september 1983 og vart omgåande fyrstekeeper i klubben, ein posisjon han hadde i 11 sesongar. Han vart italiensk seriemeister med klubben i 1989, og vann UEFA-cupen i 1991 og 1994. Zenga vart årets italienske fotballspelar i 1985, og han vart i tre år på rad, 1989, 1990 og 1991, kåra til verdas beste målvakt.

Sommaren 1994 vart Zenga overført til Sampdoria og deretter i 1996 til Padova. Allereie i 1997 gjekk turen til USA-amerikanske New England Revolution, der han spelte i sesongane 1997 og 1999.

Landslagsspel Zenga spelte totalt 58 landskampar for Italia i tida 1985 til -92, mellom anna deltok han i Sommar-OL 1984, EM i fotball 1988 og i VM i fotball 1990 på heimebane i Italia, der Zenga spelte samtlege kampar for Italia. Han vakta såleis målet då Italia slo England 2-1 i bronsefinalen, ein kamp som fann stad i Bari.

Trenar Etter han la fotballskoa på hylla arbeidde Zenga ein sesong som skodespelar i ein italiensk såpeopera. Han prøvde seg deretter som trenar i den nordamerikanske fotballigaen, utan større suksess.

Han fekk så sjansen i Steaua Bucureşti, og i sesongen 2004/05 trente han laget til rumensk seriemeisterskap. Sesongen 2005/06 trente han det serbiske laget Raude Stjerne Beograd til både seriemeisterskap og cup-meisterskap.

Merittar Spelar VM-bronse 1990 for Italia Vinnar av UEFA-cupen 1991 og 1994 med Inter Italiensk seriemeister 1989 med Inter

Trenar Rumensk seriegull 2005 til Steaua Bucureşti Serbisk seriegull 2006 til Raude Stjerne Beograd Serbisk cuptriumf 2006 til Raude Stjerne Beograd

Bakgrunnsstoff

Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Italienske fotballtrenarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Sampdoria-spelarar Kategori:Padova-spelarar Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990