mini|Stihl MS 170. Stihl er eit internasjonalt føretak, med hovudkontor i Waiblingen i delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. Føretaket vart stifta av Andreas Stihl i 1926 og er i dag verdas største produsent av motorsager. Dei produserer òg ryddesager, grastrimmarar og ei lang rekkje andre typar hagereiskapar. Stihl har 14.297 tilsette i heile verda<ref name="Stihl">[http://www.stihl.de/daten-fakten.aspx ''Daten & Fakten], Stihl.de.</ref>. I 2014 var omsetninga på 2,98 millionar Euro. Storparten - 89,4% - av omsetninga kjem frå utlandet.
Soge Byrjinga og mellomkrigstida mini|Stihl tomannssag, frå 1940. I 1926 stifta Andreas Stihl A. Stihl Ingenieursbüro''' Bad Cannstatt. I byrjinga produserte føretaket dampkjelar og bensindrivne vaskemaskinar. Dei hadde òg agenturet for Rinco motorsagerGeschichte , Stihl.de.. Stihl utvikla så ei elektrisk motorsag, som kom på marknaden i 1926, Det var ei tomannssag, med ein masse på 48 kg og ein effekt på 2,2 kW. I 1929 kom den fyrste bensindriven motorsaga til Stihl. Ho hadde ein effekt på 6 hk (4,4 kW) og ein masse på 46 kg. I 1930 starta produksjonen av ei mindre elektrisk motorsag, på 25 kg. Denne saga kunne nyttast av ein eller to mann. Stihl tok ut mange patentar. I 1933 patenterte dei ei sagkjede dei hadde utvikla og i 1934 fekk dei patent på automatisk kjedesmørjing. I 1935 produserte Stihl eit bogesverd og i 1936 vart det sett i gang produksjon av ei bensindriven bogesverdsag. Same året fekk føretaket patent på sentrifugalkoplinga. Alle patenta til Stihl gav dei ein føremon på marknaden. I 1947 tok produksjonen av ei trykkluftdriven sag til. I 1928 vart det bygd ein ny fabrikk i Rems. I 1938 kom tomannssaga BDKH på marknaden. Denne saga hadde lettmetallsylinder og var på berre på 37 kg. Effekten var på 7 hk (5,2 kW).
2. verdskrig mini|Stihl KS 43. I 1943 kom KS 43, som var ei tomannssag på 36 kg og ein effekt på 8 hk (5,9 kW). Andreas Stihl var nazist og fekk så store ordrar på KS 43 frå Wehrmacht at noko av produksjonen laut settast bort til føretaket PPK i det tyskokkuperte Frankrike. På grunn av at Tyskland var i krig med vestmaktene vart det fritt fram for andre produsentar å nytta patenta til Stihl. I etterkrigstida helt PPK fram med å produsera tomannsmotorsager etter mønster frå Stihl. I Nord-Amerika vart òg sagene til Stihl kopierte i stort monLee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.. Hogstselskapet Blodell, Steward & Welch (BBS) i Britisk Columbia i Canada, som før krigen hadde importert sager til eige bruk frå Stihl og drive service på dei, tok til å produsera liknande sager, med med Williers motorar som dei importerte frå England. BBS var eigentleg ikkje interesserte i å produsera motorsager for andre og i 1944 selde dei denne delen av verksemda, som då vert starten på Burnett. Då krigen slutta, var fabrikkane til Stihl øydelagde på grunn av bombing, og alt laut byggast opp att.
Etterkrigstida mini|Stihl Contra. Mot slutten av 1940-talet vart det klart at tida for tomannssagene snart var forbi, og Stihl tok til å produsera bensindrivne einmannssager. Den fyrste modellen, BL, var på 16 kg og kom i 1950. Neste modell, BLK kom i 1954. Seinare kom dei forbetra modellane BLK 58 og BLK 59. I 1959 fylgde Contra, og i 1963 kom dei mindre modellane 07 og 08, som hadde høgrehandshandtaket på toppen av saga i staden for bak.
I perioden 1949 til 1963 produserte Stihl traktorar. Dei har òg produsert små luftkjølte dieselmotorar, boreaggregat, etc.
I dag er Stihl verdas største produsent av motorsager, og produserer mange forskjellige modellar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Motorsagprodusentar Kategori:Tyske føretak