Gedera eller Gdera (hebraisk skrift גְּדֵרָה) er ein by i Sentral-Israel i Israel som vart grunnlagd i 1884. Han ligg 13 km sør for Rehovot. I 2009 hadde Gedera eit folketal på 21 500.
Historie mini|venstre|Gedera, circa 1899
Gedera er nemnt i Første Krønikebok 4:23 og Josvas bok 15:36 som ein by i området til Juda. Denne samanhengen vart føreslått av Victor Guérin på 1800-talet, men avvist som umogeleg av William F. Albright som identifiserte byen med al-Judeira. Gedera i Bielen er no identifisert med Khirbet Judraya, 1 km sør for Bayt Nattif.
Tel Qatra, som ligg ved nordenden av Gedera, er vanlegvis identifisert som Kedron, ein festningsstad som selevkidane bygde mot hasmonaerane (1 Mak. 15:39-41, 16:9). Han er òg identifisert som Gedrus, ein stor landsby i tida til Eusebius (300-talet). Eusebius identifiserte Gedrus med den bibelske Gedor, som er eit namn som òg finst på Madabakartet, men fleire andre stader for Gedor er òg føreslått.
Tell Qatra vart okkupert frå mellombronsealderen til minst tidleg islamsk tid. Ein gong mellom då og mellomalderen vart busetnaden flytta til sørsida av foten av haugen, der den arabiske landsbyen Qatra eksisterte fram til 1948. På toppen i den bysantinske tida hadde haugen minst ein stor offentleg bygning.
Gedera vart grunnlagd vinteren 1884 av medlemmar frå Bilu-gruppa, sør for Qatra. Gedera vart grunnlagd på eit landområde som vart kjøpt av Yehiel Michel Pines for Hovevei Zion frå den franske konsulen i Jaffa, Poliovierre.Israel Antiquities Authority, Conservation: Gedera, Tel Qatra, Dei første pionerane kom til staden under Hanukah. I 1988 bygde Benjamin og Mina Fuchs det første steinhuset i Gedera, som seinare vart nytta som eit forsamlingshus for Bnai Brith.Early settlements: Gedera
I 1912 slo ei gruppe jemenittiske immigrantar seg ned i Gedera. Under Det britiske mandatet vart Gedera ein populær stad på grunn av det milde klimaet og den friske lufta. I 1949-1953 kom tusenvis av immigrantar frå Jemen, Romania, Irak, Polen, Egypt, Marokko, Tunisia, India, Iran, Libya og andre land hit og budde i teltleirar. mini|venstre|Gedera vasstårn Landområdet som Gederah vart grunnlagd på hadde ein gong høyrt til arabarane i Qatra, som hadde mista området på grunn av gjeld. Dei dyrka jorda som leigebønder då dei jødiske eigarane kom og ytte motstand mot det dei meinte var ei inntrenging på landområdet sitt. I følgje ei anna soge var landområdet faktisk eigd av Qatra, men hadde av styresmaktene blitt gjeve til den nærliggande landsbyen Mughar då Qatra sa frå seg eigarskap for å unngå ei viss mordanklage. Mughar selde det så til Polivierre, som selde det til Pines. Dette, og den korte avstanden mellom dei to stadane, førte til dårleg forhold mellom dei to samfunna, og stundom valdelege samanstøytar. Israel Belkind, eit medlem avBilu, skildra forholdet mellom Gedera og dei arabiske naboane som det verste av alle busetnader. Haim Hissin, som òg var Bilu-medlem, kritiserte arabarane for den provoserande oppførselen sin, men skulda jødane for å vere urettvise og arrogante.
Qatra vart avfolka av den paramilitære gruppa Haganah den 17. mai 1948.
I 1950-åra vart det grunnlagd eit nabolag kalla Oriel («Guds lys») for nye immigrantar med synlege funksjonshemmingar. Immigrantane arbeidde i verna verkstader og nabolaget vart spesifikt planlagt for å fremje sjølvstendet deira.Oriel: a neighborhood for people with visibile impairments in Israel: 1950-67
I 9. februar 2009 råka ein Grad-rakett frå Gazastripa Gedera, og var det nordlegaste punktet som vart råka av kring 200 rakettar som vart skotne mot det sørlege Israel.Grad rockets slam into Ashdod, Gedera, Jerusalem Post
Geografi mini|Yeshurun synagoge, bygd i 1912. Gedera er bygd på sju åsar i Shfela, som stig til 80 meter over havet. Byen dekkjer eit areal på 14,5 km². Gedera vert rekna å ligge heilt sør i det sentrale Israle, medan Hadera vert rekna å ligge heilt i nord. Dette har i Israel gjeve uttrykket «frå Hadera til Gedera» for å skildre dei mest folkerike områda i Israel.
Økonomi Hovudnæinga i Gedera var dei første åra dyrking av druer og korn. Sitrus og andre avlingar kom seinare. I 1930-åra vart det starta opp fleire industriar og moshavaen vart ein feriestad.
Venskapsbyar Gedera er venskapsby med: Valence i Frankrike Roman i Romania
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gedera» frå , den 6. juli 2015.
Bakgrunnsstoff Bilete av Gedera
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Kommunar i Det sentrale distriktet i Israel