mini|Slingsby kleiv opp på Store Skagadølstind den 21. juli 1876 William Cecil Slingsby () var ein britisk fjellklatrar som spela ei viktig rolle for fjellklatringa i Noreg på 1800-talet, ofte kalla norsk tindesports far. Han er særleg kjend for å ha vore fyrstemann til topps på Store Skagastølstind.

Mellom 1872 og 1921 besøkte Slingsby Noreg 21 gongar, og gjennomførte fleire klatrebragdar. I den fyrste par tiåra stod han for ikring 50 fyrstebestigingar i norsk fjell. Sommaren 1876 kleiv han gjennom fem døgn til topps på fem «jomfruelege» tindar og horn i Jotunheimen, fleire av dei i fylgje med Emanuel Mohn og Knut Lykken. Slingsby-namnet er særleg knytt til Jotunheimen, med namn som Slingsbybreen og Slingsbytinen. Hans klatra også mykje i Sunnmørsalpane og i den nordnorske fjellheimen, samt i Alpane.

Slingsby gav i 1904 ut boka Norway, the northern playground, som i 1998 kom ut i norsk omsetjing, Norge, den nordlige arena, utvida med artiklar Slingsby fekk trykt i norske publikasjonar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «William Cecil Slingsby» frå , den 11. juli 2015.

Kategori:Britiske fjellklatrarar