The Pious Bird of Good Omen er eit samlealbum av Fleetwood Mac som kom ut i 1969. Det bestod av dei fire første britiske singlane, og B-sidene deira, to andre spor frå tidlegare utgjevne album, og to spor av bluesartisten Eddie Boyd akkompagnert av medlemmar frå Fleetwood Mac. Desse to spora kom frå Boyd-albumet 7936 South Rhodes.

Tittelen på albumet kjem frå ein merknad frå 1817 til det episke diktet til Samuel Taylor Coleridge frå 1798, «The Rime of the Ancient Mariner». Uttrykket syner til albatrossen som vert drepen i diktet. («The ancient Mariner inhospitably killeth the pious bird of good omen.») Tittelen og plateomslaget er eit lurt hint til den store hitten til bandet, «Albatross».

Samleplata English Rose hadde ein liknande samansetnad, men kom berre ut i USA. Han delte fem av songane på dette albumet og kom ut tidlegare i 1969.

Innhald

2004-utgåva

* Bonusspor

Medverkande Fleetwood Mac Peter Green – vokal, gitar, munnspel Jeremy Spencer – vokal, slidegitar Danny Kirwan – vokal, elektrisk gitar på side 2, spor 1 og 4 John McVie – bassgitar Mick Fleetwood – trommer

Andre musikarar Eddie Boyd – vokal, piano på side 1, spor 4 og side 2, spor 3

Andre Mike Vernon – produsent Mike Ross – lydteknikar

2004-utgåva Fleetwood Mac Peter Green – vokal utanom på spor 3, 4, 5 og 7, gitar utanom på spor 3 og 4, munnspel på spor 2 og 3 Jeremy Spencer – vokal på spor 3 og 4, gitar på spor 3 og 4, piano på spor 4 Danny Kirwan – vokal på spor 8, gitar på spor 5, 7 og 8 John McVie – bassgitar utanom på spor 2, 3 og 8 Mick Fleetwood – trommer utanom på spor 8 Bob Brunning – bassgitar på spor 3

Andre musikarar Mickey «Guitar» Baker – strykearrangement på spor 1 Steve Gregory – tenorsaksofon på spor 10 og 11 Christine Perfect – piano på spor 9, 10 og 11 Terry Noonan – dirigent for strykarar og blåsararpå spor 1

Andre Mike Vernon – produsent Mike Ross – lydteknikar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Pious Bird of Good Omen» frå , den 15. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av Mike Vernon Kategori:Fleetwood Mac-album Kategori:Samlealbum frå 1969 Kategori:Blue Horizon Records-album