Robert Lawrence «Bob» Welch () var ein amerikansk musikar. Han var tidlegare medlem av Fleetwood Mac og fekk stor suksess med solokarrieren sin seint i 1970-åra. Singlane hans var mellom andre «Hot Love, Cold World», «Ebony Eyes», «Precious Love» og signaturlåten hans, «Sentimental Lady».

Biografi I 1971 erstatta Welch Jeremy Spencer i Fleetwood Mac, og var med på albuma Future Games (1971), Bare Trees (1972), Penguin (1973), Mystery to Me (1973) og Heroes are Hard to Find (1974).

Welch vart bede om å bli verande trass i at Lindsey Buckingham og Stevie Nicks var henta inn som erstattingar, men slutta og starta ein hardrock-trio kalla Paris. Bandet, der han hadde med seg den tidlegare Jethro Tull-bassisten Glenn Cornick, og den tidlegare Nazz-trommisen Thom Mooney, og den då framtidige Tin Machine-trommeslagaren Hunt Sales, gav ut to album som vart dårleg motteke i 1976. Welch valde då lage kommersiell popmusikk, og han fekk suksess i 1977 med French Kiss, som selde til platina og inneheld hitsinglane «Sentimental Lady» (ei nyinnspeling av ein song frå Bare Trees) og «Ebony Eyes».

Three Hearts kom ut i 1979 og fortsette i same leia, men selde til gullplate. Singelen «Precious Love» vart ein hit. Fleetwood Mac-medlemmar spelte som gjesteartistar på begge albuma. Welch gav ut fire album til fram til 1983, men salstala fall gradvis.

Innan 1987 hadde Welch flytta til Phoenix i Arizona og danna Avenue M. Seint i 1990-åra vart han låtskrivar i Nashville i Tennessee. Welch hamna òg i strid med dei tidlegare kolleagene i Fleetwood Mac. I 1994 saksøkte han bandet for ubetalte honorar frå tida han var i bandet. Dei vart forlikte utanfor retten, men Welch sa Fleetwood Mac tok hemn ved å ekskludere han frå seremonien då bandet vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998. Welch var det einaste tidlege medlemmet som ikkje vart æra. Welch skaut seg sjølv og døydde i Nashville den 7. juni 2012, 65 år gammal.

Diskografi

Album

Head West DatoAlbumUSUKAnna informasjon1970Head West––

Fleetwood Mac DatoAlbumUSUKAnna informasjon3. september 1971Future Games91–Debutalbum med Fleetwood MacMars 1972Bare Trees70–Med originalinnspelinga av «Sentimental Lady»Mars 1973Penguin49––15. oktober 1973Mystery to Me68–Med «Hypnotized» av Welch13. september 1974Heroes Are Hard to Find34–Welch slutta i Fleetwood Mac etter dette albumet24. november 199225 Years – The Chain34–Samleplate

Paris DatoAlbumUSUKAnna informasjonJanuar 1976Paris103––August 1976Big Towne, 2061152––

Solo DatoAlbumUSUKAnna informasjonNovember 1977French Kiss#12–PlatinaFebruar 1979Three Hearts#20–GullNovember 1979The Other One#105––September 1980Man Overboard#162––Oktober 1981Bob Welch#201––Juni 1983Eye Contact–––Desember 1991The Best of Bob Welch–––1994Greatest Hits–––10. september 1999Bob Welch Looks at Bop–––8. juli 2003His Fleetwood Mac Years & Beyond–––10. august 2004Live at the Roxy–––28. mars 2006His Fleetwood Mac Years and Beyond, Vol. 2–––

Solosinglar «Big Towne, 2061» / «Blue Robin» (1976) «Ebony Eyes» / «Outskirts» (1977) «Sentimental Lady» / «Hot Love, Cold World» (#8, 1977) «Ebony Eyes» / «Dancin' Eyes» (#14, 1978) «Hot Love, Cold World» / «Danchiva» (#31, 1978) «I Saw Her Standing There» / «Church» (1979) «Precious Love» / «Something Strong» (#19, 1979) «Church» / «Here Comes The Night» (#73, 1979) «Church» / «Don't Wait Too Long" «Three Hearts» / «Oh Jenny» (1979) «Rebel Rouser» / «Spanish Dancers» (1979) «Don't Let Me Fall» / «Oneonone» (1980) «Don't Rush The Good Things» / «Reason» (1980) «Those Days Are Gone» / «The Girl Can't Stop» (1980) «Two To Do» / «Imaginary Fool» (1981) «Sentimental Lady» / «Ebony Eyes» (1981) «Remember» / «You Can't Do That» (1982) «Fever» / «Can't Hold Your Love Back» (1983) «Can't Hold Your Love Back» / «S.O.S.» (1983) «I'll Dance Alone» / «Stay» (1983)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bob Welch» frå , den 16. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:Fleetwood Mac-medlemmar Kategori:Musikarar døde av sjølvmord Kategori:Musikarar frå Los Angeles Kategori:Sologitaristar Kategori:Rytmegitaristar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske songar-låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske jazzgitaristar Kategori:USA-amerikanske soulgitaristar