Robert Frederick Chelsea Moore, kjend som Bobby Moore (), var ein engelsk fotballspelar, verdsmeister med England under VM på heimebane i 1966.

Karriere Klubbspel Moore, som var fødd i Barking, debuterte for West Ham United i september 1958. Fram til våren 1974 spelte han 544 ligakampar for London-klubben. Med West Ham vann han FA-cupen i 1964 og Cupvinnarcupen året etter. I mars 1974 vart Moore overført til byrivalen Fulham FC mot 25 000. Våren 1975 spelte Fulham seg fram til finalen i FA-cupen, der klubben møtte nettopp West Ham. Kampen enda med tap 0-2 for Moores nye klubb. Han gav seg i Fulham våren 1977 etter 124 ligakampar, alle i 2. divisjon.

Landslagsspel Moore spelte 108 landskampar for England i tida 1962 til 1973, i heile 90 av kampane var han kaptein. Han var med i verdsmeisterskapane 1962, 1966 og 1970. I 1966 fekk han æra av å leie England til VM-siger på Wembley med 4-2 over Vest-Tyskland etter ekstraomgangar. Han skåra to landslagsmål.

Merittar Verdsmeister: 1966 for England Vinnar av Cupvinnarcupen: 1965 med West Ham United Vinnar av FA-cupen: 1964 med West Ham United Finalist i FA-cupen: 1975 med Fulham FC Finalist i den engelske ligacupen: 1966 med West Ham United Britisk meister: 1965, 1996, 1968, 1969, 1971, 1973 for England

Moore døydde i London av kreft, 49 år gammal.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bobby Moore» frå , den 19. juli 2015.

eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Fulham-spelarar Kategori:West Ham-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1962 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1966 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1968 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1970 Kategori:Folk frå Barking i London