Eyal (hebraisk skrift אֱיָל; tyder styrke) er ein kibbutz i Det sentrale distriktet i Israel nær Den grøne linja. Han er underlagt Drom HaSharon regionale kommune

Geografi Eyal ligg sentralt i Israel innafor den grøne linja på Sharonsletta og like aust for hovudveg 6. Han ligg kring 6 km nordaust for byen Kfar Saba. Like mot nordaust ligg byen Kokhav Ya'ir og han ligg vest for byen Tzur Yigal. I nordvest ligg den israelsk-arabiske byen Tira og i sør den palestinske byen Qalqilyah.

Historie Eyal vart grunnlagd i 1949 av Nahal-soldatar. Israel ønskte å opprette tryggleiksbusetnader langs grensa si, og Eyal vart grunnlagd på det som då var den jordanske grensa. Han ligg like nord for byen Qalqilyah på Vestbreidda.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eyal» frå , den 20. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel