Kfar HaNagid (hebraisk skrift כְּפַר הַנָּגִיד, tyder 'Fyrstedalen') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta kring 20 km sør for Tel Aviv og nord for Yavne og høyrer til Gan Raveh regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 958.

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar frå Bulgaria, og vart kalla opp etter Samuel HaNagid. I følgje Benny Morris, vart moshaven grunnlagd på landområdet til den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen Al-Qubayba,Morris, 2004, s.xxi, settlement #85. men Walid Khalidi skriv at han berre ligg nær Al-Qubayba og at Kfar HaNagid ligg på landområdet til Yibna.Khalidi, 1992, s.408, 423

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kfar HaNagid» frå , den 25. juli 2015. oppgav desse kjeldene: Morris, Benny (2004). Birth of the palestinsk Refugee Problem Revisited. Cambridge University Press. ISBN 0-521-00967-7

Kategori:Bulgarsk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel