Ramot Meir (hebraisk skrift רָמוֹת מֵאִיר, tyder 'Meir-høgdene') er ein liten moshav sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah kring 4 km sør for Rehovot og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 782.
Moshaven vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte soldatar og vart kalla opp etter den amerikanske filantropen Meyer Rosoff. Rosoff hadde kjøpt landområdet kring den arabiske landsbyen al-Na'ani i 1930-åra for selskapet sitt, Rosoff Group Plantations.Glass, J.B. (2002) From New Zion to Old Zion: American Jewish Immigration and Settlement Wayne State University Press, pp238-239, ISBN 0-8143-2842-3
Han kollapsa i 1965, men vart grunnlagd på ny i 1969 av ei gruppe immigrantar frå Frankrike (som opphavleg kom frå Nord-Afrika).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ramot Meir» frå , den 25. juli 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff offisiell nettstad
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel