mini|Liv Grete Skjelbreid Liv Grete Skjelbreid Poirée () er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Hålandsdalen i Fusa i Hordaland. Ho er sju gonger verdsmeister og har vunne verdscupen i skiskyting samanlagt ein gong. Også storesøstera Ann Elen og hennar tidlegare ektemann Raphaël Poirée var skiskyttarar på internasjonalt toppnivå.
Ho tok sine første NM-gull i 1994, på stafetten og i lagkonkurransen. I 1995 fekk ho plass på det norske elitelaget og debuterte i verdscupen. I 1999 vann ho sitt første verdscuprenn, i Oberhof. Sesongen 2002/03 hadde ho svangerskapspermisjon, då ho fekk dottera Emma. Sesongen etter, 2003/04 var ho tilbake og vann verdscupen samanlagt.
I verdsmeisterskapen tok ho sin første gullmedalje i 1997 Brezno-Osrblie, på lagkonkurransen. I comeback-sesongen etter at ho hadde fått born imponerte ho stort med fire gull av fem moglege i VM i Oberhof. I 2004/05 sesongen var ho svekka av sjukdom, men vann eit renn, fellesstarten i Östersund.
Frå 2000 til 2013 var ho gift med den franske skiskyttaren Raphaël Poirée. Dei budde dels i Fusa og dels i Villard de Lans i Frankrike.
Kortfatta merittliste (pr. 28. februar 2006) Verdscup samanlagt: 1 siger, 2 andreplassar Verdsmeisterskap: 8 gull, 1 sølv, 3 bronse Olympiske leikar: 2 sølv, 1 bronse Verdscuprenn: 22 gull, 15 sølv, 9 bronse
Bakgrunnsstoff Fusa biathlon fanclub Fanside, på engelsk
Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Noregsmeistrar i skiskyting Kategori:Kongepokalvinnarar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2002 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005 Kategori:Folk frå Fusa