mini|Undeskrifta til Georg II av England på ein kontrakt frå 1750 som oppgjev både juliansk og gregoriansk dato. mini|Digital framsyning av datoen etter ISO 8601. mini|Billett markert med dato. Dato er ei tidfesting av eit visst døgn i ein kalender. Han kan oppgjevast med tal eller ei blanding av tal og bokstavar.
Det vanlegaste datosystemet i verda i dag er den gregorianske kalenderen. Den internasjonale standarden ISO 8601 fastset ein felles skrivemåte for tid og dato etter denne kalenderen. Her skal ein skriva den største eininga først (år) og deretter fallande verdiar. Ein tilrår at tala blir skrivne med bindestrek imellom, ikkje punktum.«Datum: en viss dag» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. august 2015. Ein dato etter denne standarden blir skriven --. Ein vanlegare norsk skrivemåte er . .
Ordsoge Ordet «dato» kjem frå latin. Det er eigentleg ei kasusform (dativ eller ablativ) av datum, 'gjeve', som også er opphavet til ordet «data».[«Dato» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. august 2015. Bruken kjem frå mellomalderdokument der ein i underskrifta gjerne skreiv at noko var 'gjeve' eller 'utferdiga' på ein viss dato.
Bruk Å datera noko vil seia å tidfesta det. I opphavleg bruk ville det gjerne seia å skriva dagens dato på eit brev, dokument eller liknande.«Datere» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 2. august 2015. I nyare tid kan det også handla om å tidfesta historiske hendingar og kjelder, som i årringsdatering.
Datoar kan visa kva tid noko har hend eller er venta å henda, noko ein til dømes finn på billettar, kvitteringar og liknande. På identifikasjonsdokument, attestar, diplom og liknande kan fødselsdato, testdato, utgjevingsdato og liknande ha ei viktig tyding. Datoar kan også brukast på bygningar, minnesmerke og liknande for å visa til tida ein bygde noko på, tida nokon levde eller ei viss tid ein vil minnast.
Med datostempling kan ein anten oppgje datoen der noko hende, eller eit anna tidspunkt ei viss tid seinare. Dette kan vera til hjelp på mellom anna matvarer, slik at ein kan halda styr på kor gamle dei er og kva tid dei bør brukast, eller lånemateriale frå eit bibliotek der ein kan ha materialet ei viss tid.
Norske skrivereglar Datoar kan skrivast på fleire måtar på norsk. Dei følgjande skrivemåtane er rekna som korrekte: 10.8.1962 10.08.1962 10.8.62 10.08.62 02.08.1965 2.8.1965 02.08.65 2.8.65 Det skal ikkje brukast skråstrekar i korrekt norsk.
Om ein skriv månedsnamnet med bokstavar, skal ein ha punktum og mellomrom etter talet: 4. juli
Forkorta årstal skal skrivas uten apostrof: 1999 kan forkortast til 99, ikkje '99
Ein kan bruka ordet «den» om ein bruker ord i datoen, som «den 4. juli», men ikkje om ein berre bruker tal (4.7.1989).
Sjå òg Datolinja Juliansk døgn Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Dato» frå , den 1. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Tid