Mildred Louise McDaniel, gift Singleton, (), også kjend som Millie McDaniel, var ein USA-amerikansk høgdehoppar som vart olympisk meister i øvinga i 1956.

McDaniel, som var frå Atlanta i delstaten Georgia, vart USA-meister i høgdehopp i 1953, 1955 og 1956. I 1955 vann ho høgdetevlinga i dei panamerikanske leikane i Mexico-byen med eit hopp på 1,68 meter.

Høgdepunktet for McDaniel kom 1. desember 1956 då ho i finalen under Sommar-OL 1956 i Melbourne i sitt andre forsøk på verdsrekordhøgda 1,76 meter tok seg over lista. Dermed vann ho den olympiske gullmedaljen framom favoritten Thelma Hopkins frå Storbritannia.

McDaniel-Singelton døydde i Pasadena i California, der ho hadde arbeidd som gymnastikklærar sidan 1958.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mildred McDaniel» frå , den 5. august 2015.

World Athletics

Kategori:Høgdehopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956