Ruhi Sarıalp () var ein tyrkisk friidrettsutøvar frå Manisa. Han var den fyrste tyrkisk friidrettsutøvaren som vann ein olympisk medalje og den fyrste som tok ein EM-medalje.
Sarıalp byrja med friidrett ved ein militær høgskule i Konya. I 1945 sette han sin fyrste tyrkisk rekord i tresteghopp. Under Sommar-OL 1948 i London kom på tredjeplass i tresteg-tevlinga med eit hopp på 15,02 metter, svenske Arne Åhman vann med 15,40 m framom australske George Avery, 15,36 m.
To år seinare vann Sarıalp ein ny bronsemedalje i tresteghopp. Med 14,53 meter viste han norske Rune Nilsen til fjerdeplassen under EM i friidrett 1950 i Brussel, med ein margin på tre centimeter.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ruhi Sarıalp» frå , den 6. august 2015.
World Athletics
Kategori:Tyrkiske friidrettsutøvarar Kategori:Tresteghopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyrkia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Tyrkiske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948