Gorgus Major Coward () var ein norsk lektor, rektor, lærebokforfattar og riksmålsmann.
Gorgus Coward var fødd i Moss som son av Gorgus Herman Coward (1877–1939) og Olga Jørgensen (1881–1950). Han gjekk ut som Cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1935. Dette året tok han også pedagogisk eksamen.
Frå 1936 til 1938 verka han som lektor ved Universitetet i Berlin. Deretter arbeidde han med vidaregåande utdanning i Oslo fram til 1979. Coward var rektor ved Fagerborg vidaregåande skule frå 1961 til 1979. Han gav ut fleire lærebøker og litteraturantologiar i norsk og tysk som var mykje brukte. I tillegg til desse gav han også ut ein kjend riksmålsgrammatikk (1959, siste utgåve 1986).
Coward var medlem av Gjelsvik-komiteen 1963–67 som vurderte reform av gymnaset, av Vogt-komitéen 1964–1966 og av Norsk språkråd 1972–1984. Han var også ein viktig person i Norsk Lektorlag.
Gorgus Coward var riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og æresmedlem av Riksmålsforbundet. Frå 1963 var han medlem av Det norske Akademi for Sprog og Litteratur.
Familie Etternamnet Coward er av engelsk opphav, og kom til Noreg på slutten av 1700-talet. Namnet tyder «kuhyrde» og blir uttalt /kåvard/.
I 1936 gifta han seg med Hendy Usterud Andersen, systera til jusprofessor Kristen Andersen. Dottera hans Kirsti Coward har vore dommar i Høgsterett.
Verk De litterære forutsetninger for Henrik Ibsens “Peer Gynt”. Av et dikterverks bakgrunn, 1935 Dichtung und Wissen. Ein Lesebuch für Gymnasien (med Hendy Coward), 1948 Vår diktning. Fra folkevise til fridomskamp. Utvalg av norsk litteratur for gymnaset (med B. Brinck-Lund), 1946 Wir lesen weiter. Tysk lesebok for 2. realskoleklasse (med Hendy Coward), 1954 Litteraturhistorie for realskolen, 1957 Kortfattet riksmåls-grammatikk, 1958 Lesen und Lernen. Ein Lesebuch für Gymnasien. “Reallinjen” – “Latinlinjen” (med Hendy Coward), 1952 Diktere og diktekunst. Litteraturhistorie for gymnaset, 1961 Liv og yrke. Leseverk for yrkesskoler (med F. Wigdahl og R. Aasland), 1961 Vår tid og vår diktning. Et utvalg av litteratur fra vår egen tid, med tillegg av moderne utenlandsk diktning og aktuell sakprosa (med F. Raastad), 1975
Kjelder
«Gorgus Major Coward» (21. oktober 2011). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. august 2015. Aasekjær, Henrik. «Gorgus Coward» (13. februar 2009). Norsk biografisk leksikon. Henta 8. august 2015.
Kategori:Riksmål Kategori:Norske filologar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Moss Kategori:St. Olavs Orden