Live er eit dobbelt konsertalbum av Fleetwood Mac frå 1980. Det var det første konsertalbumet av den dåverande besetninga av bandet og det siste før The Dance kom i 1997. Albumet selde til gullplate (500 000 eksemplar) i USA i november 1981.

Albumet inneheld tre nye songar - Christine McVie sin «One More Night», Stevie Nicks sin «Fireflies» og ein versjon av the Beach Boys sin «The Farmer's Daughter». Dei to sistnemnde vart gjevne ut som singlar, men berre «Fireflies» gjekk inn på salslistene. «Don't Let Me Down Again» er ein song frå albumet Buckingham Nicks. To av songane inneheld lengre gitarsoloar av Lindsey Buckingham. Den første, «I'm So Afraid», var eit populært avslutningsnummer på denne tida. Den andre var Buckingham sin versjon av Peter Green sin signaturlåt, «Oh Well» frå 1969.

Sporliste

Medverkande Fleetwood Mac Lindsey Buckingham – gitar, vokal Stevie Nicks – vokal; tamburin Christine McVie – klaverinstrument, vokal John McVie – bassgitar Mick Fleetwood – trommer, perkusjon

Andre medverkande Ray Lindsey – gitar på «Go Your Own Way» Tony Toadaro – perkusjon Jeffery Sova – klaverinstrument

Produksjon Produsentar: Richard Dashut, Ken Caillat, Fleetwood Mac

Lister Album ÅrListePlassering1980US Billboard141980UK Album Chart31

Singlar DaotSingelListePlasseringVeker28. februar 1981«Fireflies»Billboard Hot 100605

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Live (Fleetwood Mac album)» frå , den 11. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av Richard Dashut Kategori:Album produserte av Ken Caillat Kategori:Fleetwood Mac-album Kategori:Konsertalbum frå 1980 Kategori:Warner Bros. Records-album