«Family Man» er ein song av Fleetwood Mac frå albumet deira Tango In The Night i 1987. Han vart skriven av Lindsey Buckingham og Richard Dashut. I USA vart songen gjeven ut som den femte singelen frå abumet, som oppfølgjaren til «Everywhere». Singelen gjekk inn på salslista i mars 1988 og nådde 90. plassen på Billboard Hot 100.

I Storbritannia vart han gjeven ut som den fjerde singelen, etter «Little Lies», og gjekk inn på 91. plassen der den 19. desember 1987, og nådde til slutt 54. plassen den 19. januar 1988. «Family Man» vart gjeven ut som ein spesiell, avgrensa boks med 7-tommarssingelen og to bilete av Susan Young og Christine Tongue. 12-tommarsversjonen inneheldt fleire miksar av «Family Man», i tillegg til albumsporet «You and I, Part 2».

Songen finst òg på samlealbumet «The Very Best of Fleetwood Mac».

Innhald 12" US single (Warner Brothers Records 0-20842) «Family Man» (Extended Vocal Remix) 8:30 «Family Man» (I'm A Jazz Man Dub) 8:52 «Family Man» (Extended gitar Remix) 6:26 «Family Party» (Bonus Beats) 4:36 «Down Endless Street» 4:24

Lister Liste (1987)PlasseringAustralske ARIA-lista83UK Singles Chart54U.S. Billboard Hot 10090U.S Adult Contemporary Chart23Tyskland29Nederland23

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Family Man (Fleetwood Mac song)» frå , den 12. august 2015. oppgav desse kjeldene: The Great Rock Discography, 6th Edition, Martin C. Strong. ISBN 1-84195-312-1.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1987 Kategori:Singlar frå 1987 Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar skrivne av Lindsey Buckingham Kategori:Songar produserte av Richard Dashut Kategori:Warner Bros. Records-singlar