«Peacekeeper» er ein song av Fleetwood Mac, skriven av gitaristen og vokalisten Lindsey Buckingham. Han vart gjeven ut i 2003 på albumet Say You Will. Songen vart gjeven ut som den første og mest suksessrike singelen frå albumet.
Bakgrunn «Peacekeeper» vart skriven i 2000, tre år før Say You Will kom ut, heime hos Buckingham. Songen var opphavleg meint for eit soloalbum av Buckingham, men Warner Bros ønskte at Buckingham i staden skulle nytte songane på eit komande album med Fleetwood Mac.
«Peacekeeper» gjekk inn på den amerikanske singellista på ein 93. plass den 29. mars. Sju veker seinare, den 17. mai, nådde singelen den høgaste plasseringa på lista, ein 80. plass. Songen låg i alt 11 veker inne på Billboard Hot 100. På New Zealand gjekk singelen heilt til 31. plassen på singellista, medan han ikkje gjekk inn på singellista i Storbritannia i det heile.
Dette vart den 25. og foreløpig siste singelen deira som gjekk inn på Billboard Hot 100 i USA.
Medverkande Lindsey Buckingham – gitar, perkusjon, vokal Stevie Nicks – vokal Mick Fleetwood – trommer, perkusjon John McVie – bassgitar Andre medverkande John Shanks – klaverinstrument
Innhald
«Peacekeeper» (Single Remix) – 4:11 «Peacekeeper» (Single Edit) – 3:42
Lister Liste (2003)PlasseringUS Singles Chart80U.S. Adult Contemporary10US Adult Top 4016New Zealand31Nederland100
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Peacekeeper (Fleetwood Mac song)» frå , den 13. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar frå 2003 Kategori:Songar skrivne av Lindsey Buckingham Kategori:Singlar frå 2003