Valerie Kasanita Adams () er ein newzealandsk friidrettsutøvar frå Roturoa. Ho vann samtlege gullmedaljar i kulestøyt i verdsmeisterskapane og sommar-OL i tida 2007-13; fire VM-gull og to OL-gull.
Aktiv 193 cm høge Adams vann bronsemedaljen i Helsinki-VM 2005. Året etter støytte ho over 20 meter for fyrste gong, med 20,20 m toppa ho årsstatistikken. Under VM 2007 i Osaka presterte ho personbeste med 20,54 meter og kneip dermed gullmedaljen, seks centimeter framom Nadzeja Ostaptsjuk. Dei komande åra forbetra Adams sin personlege rekord til 20,56 m i 2008 og til 21,07 m i 2010. Ho forsvarte fyrsteplassen i verdsmeisterskapen i så vel 2009, som i 2011 og 2013. Under VM 2011 i Daegu presterte ho sitt livs lengste kulestøyt, 21,24 meter var godt over meteren lengre enn det sølvmedaljør Astapsjuk nådde. Etter 2014 var Adams tidvis hemma av skadar og kom ikkje opp mot tidlegare nivå. Likevel lukkast ho å vinne OL-sølv i 2016 og OL-bronse i 2021.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM i 2003 i Paris: Nr 5 - 18,65 m OL 2004 i Aten: Nr 8 - 18,56 m VM i 2005 i Helsinki: Bronsemedalje - 19,62, bakom Olga Rjabinkina (19,64 m) VM 2007 i Osaka: Gullmedalje - 20,54 m, framom Nadzeja Ostaptsjuk (20,48 m) OL 2008 i Beijing: Gullmedalje - 20,56 m, framom Natallja Mikhnevitsj (20,28 m) VM 2009 i Berlin: Gullmedalje - 20,44 m, framom Nadine Kleinert (20,20 m) VM 2011 i Daegu: Gullmedalje - 21,24 m, framom Nadzeja Ostaptsjuk (20,05 m) OL 2012 i London: Gullmedalje - 20,70 m, framom Jevgenija Kolodko (20,48 m) VM 2013 i Moskva: Gullmedalje - 20,88 m, framom Christina Schwanitz (20,41 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 20,42 m, bakom Michelle Carter (20,63 m) OL i 2021 i Tokyo: Bronsemedalje – 19,62 m
Ho var ei tid gift Valerie Vili.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Valderie Adams» frå , den 26. april 2022.
World Athletics
Kategori:Newzealandske kulestøytarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for New Zealand Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for New Zealand Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013