Bat Hefer (hebraisk skrift בַּת חֵפֶר, tyder Dotter av Hefer) er ein israelsk fellesbusetnad på Sharonsletta, aust for Netanya og like ved to kibbutzim; Bahan og Yad Hana.
Bat Hefer vart opphavleg grunnlagd som Sokho og kalla opp etter den antikke byen. Bygginga av den moderne landsbyen byrja i 1995, og dei første innbyggjarane flytta inn i 1996. Han vart bygd som ein del av Sju stjerner-prosjektet.
Bat Hefer er kalla opp etter «Hefer», eit administrativt distrikt i området med eigen høvding i tida til kong Salomo (1. Kongebok 4:10). Han dekkjer 1 000 mål og høyrer til Heferdalen regionale kommune. Landsbyen ligg mellom hovudveg 6 i vest og Den grøne linja i aust.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bat Hefer» frå , den 15. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1996 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1996 i Israel