mini|Dionne Warwick på 1970-talet. Marie Dionne Warrick (), kjend som Dionne Warwick, er ein USA-amerikansk songar og skodespelar som mellom anna er kjend for samarbeida sine med Burt Bacharach og Hal David.

Frå 1955 til 1999 hadde ho 56 hittar på Billboard si Hot 100-liste, noko berre Aretha Franklin har gjort betre.Amazon.com – Pop Annual 1955-1999, (Paperback) by Joel Whitburn

Dionne Warwick var fødd i East Orange i New Jersey. Ho byrja songkarrieren som gospelsonger i tenåra då ho song i koret til den lokale metodistkyrkja. Etter å ha fått jobb som backingsongar for The Drifters, blei ho oppdaget oav Burt Bacharach og Hal David. Dette blei byrjinga på eit årelangt samarbeid der Bacharach og David skreiv og produserte songar for henne. Ho hadde ei rekkje suksessar, mellom anna med «Walk on By» frå 1964. Seinare samarbeidde Warwick med Stevie Wonder, Isaac Hayes og syskenbarnet sitt Whitney Houston.

Songen «I'll Never Love This Way Again» gav Warwick ein Grammypris i 1980 for «Best Female Pop Vocal Performance».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dionne Warwick» frå , den 16. august 2015.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Folk frå East Orange Kategori:Folk frå New Jersey