mini|Sett sørover frå Apollo 16. mini|Bullialdus sett frå jorda nedanfor midten til venstre. Bullialdus er eit ringfjell på vestsida av Mare Nubium. I nord og nordvest ligg krateret Lubiniezky som har vore lavafyllt. Sørvest for Bullialdus ligg det vesle krateret König.
Krateret ligg relativt isolert og har ein høg ytre kant. Dei indre veggane er i terrassar og inneheld fleire teikn på jordras. I midten av krateret er det danna fleire toppar og høgder som er opp til ein kilometer høge. Ein kam går frå toppane og søraustover til den indre veggen. Botnen av krateret er generelt ujamnt med mange småhøgder.
Satellittkrater Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Bullialdus.
BullialdusBreiddegradLengdegradDiameterA22.1° S21.5° W26 kmB23.4° S21.9° W21 kmE21.7° S23.9° W4 kmF22.5° S24.8° W6 kmG23.2° S23.6° W4 kmH22.7° S19.3° W5 kmK21.8° S25.6° W12 kmL20.2° S24.4° W4 kmR20.1° S19.8° W17 kmY18.5° S19.1° W4 km
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bullialdus (crater)» frå , den 20. august 2015. oppgav desse kjeldene: S. Tompkins et al., "Distribution and geologic history of materials excavated by the lunar crater Bullialdus", Twenty-Fourth Lunar and Planetary Science Conference, Part 3, 1993.
Kategori:Ringfjell på månen