Dawn Harper () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå East Saint Louis i delstaten Illinois som speisaliserte seg i 100 meter hekk. Ho vart olympisk meister i øvinga i 2008, og vann VM-bronse i 2011, OL-sølv i 2012 og VM-sølv i 2017.

Aktiv Harper overraska og tok gullmedaljen i 100 meter hekk under Sommar-OL 2008 på ny personleg rekord, 12,54 sekundar. Tre år seinare fekk ho notert 12,47 sekundar då ho kom på bronseplassen under verdsmeisterskapen i Daegu i 2011. Under dei olympiske leikane i London i 2012 var ho svært nær ved å forsvare OL-tittelen ved å prestere sitt livs snøggaste korthekkløp på 12,37 sekundar, men største favoritten i tevlinga, Sally Pearson, forbetra den olympiske rekorden til 12,35 og fekk gullmedaljen med heim til Australia.

I verdsmeisterskapen 2013 enda ho på fjerdeplassen på korthekken, fire tidels sekund bak bronsemedaljøren. Ho lukkast ikkje å kvalifisere seg til VM 2015, ei heller til Sommar-OL 2016. Under friidretts-VM 2017 sikra ho seg sølvmedaljen på korthekken, noko ein gong bak Sally Pearson. Ho la deretter opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Gullmedalje – 12,54, framom Sally Pearson (12,64) VM 2009 i Berlin: Nr 7 – 12,81 VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje – 12,47 OL 2012 i London: Sølvmedalje – 12,37, bakom Sally Pearson (12,35) VM 2013 i Moskva: Nr 4 – 12,59 VM 2017 i London: Sølvmedalje – 12,63, bakom Sally Pearson (12,59)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dawn Harper» frå , den 20. august 2015.

World Athletics

Kategori:Hekkeløparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012