Capella er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Kusken, den sjette lysaste på nattehimmelen og den tredje lysaste på den nordlege himmelhalvkula, etter Arcturus og Vega. Namnet kjem frå diminutivet frå det latinske capra «geit», derfor «den vesle geita». Capella har Bayer-nemninga Alfa Aurigae (ofte forkorta til α Aurigae, α Aur eller Alfa Aur). Sjølv om ser ut som ei enkel stjerne for det nakne auga, er ho i røynda eit stjernesystem med fire stjerner som to par dobbeltstjerner. Det første paret består av to lyse, store kjempestjerner klasse G, begge med ein radius som er kring 10 gonger sola sin og to og ein halv gongar solmassen. Dei går i tett bane kring kvarandre og har fått namna Capella Aa og Capella Ab. Desse to stjernene har brend opp hydrogenet i kjernen og vorte kjempestjerner, men det er uklårt kva stadium på stjerneutviklinga dei er. Det andre paret ligg kring 10 000 AU frå det første, og består av to lyssvake, små og relativt kjølige raude dvergar. Dei har namna Capella H og Capella L. Stjernene som heiter Capella C til G og I til K er stjerner som ikkje er knytt til dei nemnde Capella-stjernene, men ligg i det same synsfeltet. Capella-systemet er relativt nær jorda, omkring 42,8 lysår unna.

Synlegheit Capella verkar å ha ein rik gulkvit farge. Ho er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Kusken og den fjerde mest lyssterke stjerna som er mogeleg å sjå med det nakne auga frå breiddegrad 40° N.Schaaf 2008, s. 146. Capella var den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen frå 210 000 år sidan til 160 000 år sidan, med ein storleiksklasse på −1,8. Med −1,1 var Aldebaran den mest lyssterke før den tid, og denne og Capella låg kvar nær kvarandre og fungerte som polarstjerner på den nordlege halvkula på den tida.Schaaf 2008, s. 155.

I verket til Bayer frå 1603, Uranometria, er Capella ryggen på Kusken. Ho ligg nokre få grader nordaust frå trekanten av stjerner som vert kalla «Barna» (Epsilon, Zeta og Eta Aurigae).Schaaf 2008, s. 151. Capella ligg nærmare den nordlege himmelpolen enn nokon andre stjerner av 1. storleiksklasse.Burnham 1978, s. 261.Polaris er berre andre storleiksklasse. På grunn av den nordlege plasseringa er ho ikkje mogeleg å sjå sør for 44 °S. Dette omfattar det sørlege New Zealand, Argentina og Chile, i tillegg til Falklandsøyane. Nord for 44 ºN er ho alltid synleg på nattehimmelen. Capella og Vega er nesten på motesette sider av polen, omtrent same avstnad, slik at ei tenkt linje mellom dei to passerer gjennom Polaris.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Capella» frå , den 23. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff HR 1708 i Bright Star-katalogen. GJ 194 i Preliminary Version of the Third Catalogue of Nearby Stars, W. Gliese og H. Jahreiss, 1991, CDS ID V/70A. Bilete av det lyssterke paret frå 13 September 1995 and 28 September 1995 (dei svake kulene er berre støy)

Kategori:Kusken Kategori:Spektroskopiske dobbeltstjerner Kategori:Variable stjerner Aurigae, Alfa Aurigae, 13 Kategori:Kjempestjerner klasse G Kategori:Klasse M-stjerner 4 Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:RS Canum Venaticorum-variable 034029 024608 ⑩ BD+45 1077 Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda