Nikolaj Nikolajevitsj Kruglov () er ein russisk tidlegare skiskyttar. Han vart verdsmeister i mix-stafett med Russland i 2005 og 2006, og i stafett i 2007 og 2008. Kruglov er son til skiskyttaren Nikolaj K. Kruglov.

Aktiv Kruglov tok fleire medaljar under junior-verdsmeisterskapane i skiskyting i 2001 og 2002. Han fekk sitt internasjonal gjennombrot i 2005. Den sesongen sikra han seg sin første verdscupsiger i Pokljuka. Under VM 2005 i Hochfilzen gjekk han på det russiske stafettlaget som tok sølv, medan han under VM 2005 i Khanty-Mansijsk vart verdsmeister på Russlands lag i mix-stafett.

I 2006-sesongen kopierte han prestasjonane frå VM 2005. Under OL i Torino, han var med på laget som tok sølv på stafetten, noko seinare vart han verdsmeister i mix-stafett i Pokljuka. Både i 2007 og 2008 gjekk han Russland inn til gullmedaljar i 4 x 7,5 km stafett i verdsmeisterskap i skiskyting. Begge gongane hadde han Ivan Tsjerezov, Dmitrij Jarosjenko og Maksim Tsjudov med seg på triumfane.

Han la opp som skiskyttar i 2010.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 2004 i Oberhof: Nr 12 på 10 km VM i skiskyting 2005 i Hochfilzen: Sølvmedalje i 4 x 7,5 km stafett, nr 4 på 15 km fellesstart VM i skiskyting 2005 i Khanty Mansijsk: Gullmedalje i mix-stafett Vinter-OL 2006 i Torino: Sølvmedalje i 4 x 7,5 km stafett, nr 11 på jaktstart VM i skiskyting 2006 i Pokljuka: Gullmedalje i mix-stafett VM i skiskyting 2007 i Antholz: Gullmedalje i 4 x 7,5 km stafett, nr 5 på 20 km VM i skiskyting 2008 i Östersund: Gullmedalje i 4 x 7,5 km stafett Vinter-OL 2010 i Vancouver: Nr 11 på 20 km

Kruglov vann tre verdscuprenn; eitt i 2005 og 2007, og kleiv på sigerspallen i til saman 14 renn i tida 2004-09. Han vart nummer åtte i verdscupen både i 2005- og 2007-sesongen.

Bakgrunnsstoff Biathlon World profile Nikolaj Kruglov sin fanklubb på russisk

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Russiske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2007 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2008 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2009