Beit Ezra (hebraisk skrift בֵּית עֶזְרָא, tyder Ezra-huset) er ein moshav sør i Israel. Han ligg mellom Ashdod og Ashkelon på Den israelske kystsletta og høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2006 hadde han 962 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Irak i ruinane etter Hamama, og vart kalla opp etter Ezra. Sør for moshaven ligg Hill 69, som var ein militærpost og åstad for kampar under den arabisk-israelske krigen i 1948. I nærleiken ligg òg Ad Halom-brua der den egyptiske hæren vart stoppa under framrykkinga deira mot Tel Aviv.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beit Ezra» frå , den 8. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Irakisk diaspora i Israel Kategori:1950 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel