Yinon (hebraisk skrift יִנּוֹן, «skyta friske skot») er ein moshav sør i Israel. Han ligg nær Kiryat Malakhi og høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2006 hadde han 867 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd 1952 av immigrantar frå Jemen. Namnet er henta frå eit vers i Bibelen, Salmane 72:17: «Lat namnet hans leva til evig tid, skyta friske skot så lenge sola er til!». Han består av kring 110 gardar og 50 privathus.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yinon» frå , den 8. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1952 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1952 i Israel