Tzukim (hebraisk skrift צוּקִים, tyder Klipper), òg skrive Zuqim, er ein fellesbusetnad sør i Israel. Han ligg i Arava, 8 km sør for Tzofar i Sentral-Arava regionale kommune. Tzukim vart grunnlagd i 2001 på landområdet til den fråflytta Bildad militærleir. Bildad var òg ei stund transitleir for nye busetnader i Arava. Den første byggjefasen skulle byrje i 2003, med femti familiar. Dei første innbyggjarane var folk i 40-åra frå det sentrale Israel. Hovudnæringa i Tzukim er basert på turisme. Det er planlagt å byggje 200 gjestehus i tillegg til restaurantar og spa. I 2008 var det bygd tolv rom, medan 70 var under bygging. I 2008 budde 25 familiar i busetnaden på permanent basis, medan 20 var i ferd med å ferdigstillast.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tzukim» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Sentral-Arava regionale kommune Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 2001 Kategori:2001 i Israel