Dekel (hebraisk skrift דֶּקֶל, tyder Palmetre), offisielt Dekel-Kfar Shitufi (hebraisk skrift דקל-כפר שיתופי, tyder Dekel - samarbeidslandsby) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Shalom-området nordvest i Negevørkenen nær grensa til Egypt og Gazastripa, og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 112 innbyggjarar.

Det vart grunnlagd ei Nahal-busetjing kalla Dekel i området i 1956, men denne vart fråflytta etter Suezkrisa seinare på året. Ein gar'in med same namnet danna ei israelsk busetjing kalla Yamit i 1979. Grunnlegginga vart forseinka på grunn av Camp David-avtalane som gjorde at Israel måtte trekkje seg attende frå Sinai. Moshaven vart grunnlagd i april 1982 av Aguda Shitufit med støtte frå Jewish Agency.

Bakgrunnsstoff Dekel Negev informasjonssenter

Kategori:Moshavar Kategori:Jordbruksunionen Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982 Kategori:1982 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel