Beit Shikma (hebraisk skrift בֵּית שִׁקְמָה, tyder Fikentrehuset) er ein moshav sør i Israel. Han ligg nær Ashkelon og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 676 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Libya og Marokko. Han er bygd på landområdet til den avfolka arabiske landsbyen al-Jiyya, og kalla opp etter dei store fikentrea i området.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beit Shikma» frå , den 10. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Libysk diaspora i Israel Kategori:Marokkansk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel