Ramat Negev regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית רמת נגב, Mo'atza Azorit Ramat Negev, tyder Negevhøgdene regionale kommune) er ein regional kommune i Negevørkenen i Israel. Han er den største regional kommunen i landet og kommunesenteret ligg langs hovudveg 40 mellom Mashabei Sadeh og Tlalim.

Historie Busetjingane i Ramat Negev er alle kibbutzar, moshavar og fellesbusetnadar. Revivim og Sde Boker er kjende som bustaden til dei tidlegare statsministrane, høvsevis Golda Meir og David Ben-Gurion. Det bur kring 6 000 jødar i kommunen.For the first time, bedouin town to be part of Jewish local council, Haaretz

I 2012 godkjende kommunen bygginga av ein ny landsby, Ramat Tzipporim, for å gje heim til 2 000 Azzazmeh-beduinar som budde i regionen.

Turisme Ramat Negev har mange turistmål, særleg arkeologiske ruinar. Av desse finn ein dei gamle byane langs røykjelsesvegen med Avdat, Haluza, Nitzana, Shivta (tre av dei i dag verdsarvstader), i tillegg til somme makhteshar eller erosjonssirklar.

Busetnader Kibbutzar Mashabei Sadeh Retamim Revivim Sde Boker Tlalim

Moshavar Be'er Milka Kmehin

Fellesbusetnader Ashalim Ezuz Merhav Am Midreshet Ben-Gurion Nitzana Nitzanei Sinai

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ramat Negev regionale kommune» frå , den 12. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Regionale kommunar i Israel