Shuva (hebraisk skrift שׁוּבָה) er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nær Netivot og dekkjer 4 500 mål og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2006 hadde han 393 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Tripoli i Libya. Seinare slutta immigrantar frå Algerie og Tunisia seg til. Dette skapte spaningar mellom innbyggjarane og i 1957 delte moshaven seg i to. Dei tunisiske innbyggjarane flytta og danna Zimrat.
Namnet er henta frå Salmane 126:4; Herre, vend vår lagnad som bekkene i Negev!.
Bakgrunnsstoff Shuva Negev informmasjonssenter
Kategori:Libysk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel