Shafir (hebraisk skrift שָׁפִיר) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Shephelah nær Kiryat Malakhi og høyrer til Shafir regionale kommune. I 2006 hadde han 499 innbyggjarar.
Shafir vart grunnlagd den 15. august 1949 av immigrantar frå Ungarn og Tsjekkoslovakia. Han vart kalla opp etter den bibelske byen Shafir som er nemnt i Mika 1:11, og som òg tyder «god og vakker». Han er bygd nær den avfolka palestinske landsbyen Al-Sawafir al-Shamaliyya,Morris (2004), s. xxi, settlement #64 på landområdet som høyrte til landsbyen Al-Sawafir al-Sharqiyya.Khalidi, 1992, s.135
I 1956 opna ein fedayeen eld mot ei synagoge full av barn og tenåringar. Tre barn og ein ung arbeidar vart drepne, medan fem andre vart skadde, tre alvorlege.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shafir» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Morris, Benny (2004), The Birth Of The Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge University Press, ISBN 0-521-00967-7
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel