Kfar Menahem (hebraisk skrift כְּפַר מְנַחֵם, tyder Menahemlandsby) er ein kibbutz i Israel som ligg 7 km aust for Kiryat Malakhi sør i det sentrale Israel. Han høyrer til Yoav regionale kommune.
Historie Samfunnet vart grunnlagd som ein moshav kalla «Irgun Menachem» i 1935 av ei Rehovot-gruppe av aktivistar. Under arabararopprøret i 1936 vart staden fråflytta av jødane og øydelagd av arabarar.
Den 28. juli 1937 vart moshaven oppretta på ny som ein tårn- og palisade-busetjing, men heldt ikkje stand. I 1939 vart institusjonane for å skape nye busetjingar erstatta av medlemmar av «Irgun Menahem», pionerar frå USA og medlemmar av Hashomer Hatzair, som var i opplæringen i moshaven Kfar Hadar, nær Ramatayim.
Eit år etter dei drog frå tårn- og palisade-busetjinga vart det grunnlagd ein permanent busetnad på ei høgd i nærleiken, sør for muren.
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 tok kibbutzen over kring 9 000 mål med jord frå den avfolka palestinske landsbyen Idnibah.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kfar Menachem» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Joel Rohr - israelske Artist former member of Kfar Menauchem
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1935 Kategori:Busetnader grunnlagde i 1937 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1937 i Palestina