Tekniska Högskolan i Helsingfors (finsk Teknillinen korkeakoulu, eller TKK) vart grunnlagt i 1849 under namnet Polytekniska Realskolan og fekk universitetsstatus i 1908. TKK flytta frå Helsingfors til Esbo i 1966.

TKK er særleg kjend for kompetansen sin på mobilteknikk og treforedling. I tillegg har dei eitt av dei fleste lågtemperaturslaboratioria i verda.

Høgskolen ligg i Otnäs i nabobyen til Helsingfors, Esbo, men skolen vart grunnlagt i Helsingfors og blir oppfatta som ein Helsingfors-høgskole.

Tekniska högskolan er kjend under forkortingane HUT (Helsinki University of Technology), TKK (Teknillinen Korkeakoulu) og TH (Tekniska Högskolan), men har i det siste satsa på å bruke berre forkortinga TKK for å unngå misforståingar.

KTT er offisielt trespråkleg (finsk, svensk og engelsk). Sjølv om undervisninga primært går føre seg på finsk og engelsk har svenskspråklege studentar rett til å avlegge eksamenar på svensk, og kommunisere med skolen på morsmålet sitt. KTT har dessutan ein svenskspråkleg «nation» (Teknologföreningen).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tekniska högskolan i Helsingfors» frå , den 6. februar 2006.

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad på svensk

Kategori:Skipingar i 1849 Kategori:Universitet i Finland Kategori:Byggverk i Helsingfors