Gva'ot (hebraisk skrift גְּבָעוֹת) er ei israelsk busetjing som ligg på den okkuperte Vestbreidda, heilt vest i Gush Etzion. Han er kalla opp etter høgdene (gva'ot) der Balaam talteCarta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.165 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk) i følgje 4. Mosebok 23:9. Plasseringa er strategisk ovanfor hovudvegen frå Gush Etzion til Beit Shemesh og Shephelah. Han er underlagt Gush Etzion regionale kommune.http://www.gush-etzion.org.il/communities.asp

Den israelske regjeringa avgjorde i 1982 å byggje ein Nahal-utpost på staden i 1984. I 1997 vart basen overført til Shvut Yisrael Hesder Yeshiva, som flytta der frå Efrat i nærleiken.

Det neste tiåret vart området utvikla som bustadområde for gifte studentar og familiane deira.

Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar på Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, medan dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gva'ot» frå , den 14. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Shvut Yisrael Yeshiva (hebraisk)

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1984 Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Gush Etzion Kategori:Gush Etzion regionale kommune