Beit Yatir (hebraisk skrift בית יתיר), òg kalla Metzadot Yehuda (hebraisk skrift מְצָדוֹת יְהוּדָה), er ein religiøs ortodoks moshav og israelsk busetjing sør i Hebron-fjellet på den okkuperte Vestbreidda langs Den grøne linja sør for Susiya. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Moshaven ligg 900 meter over havet og er underlagt Har Hebron regionale kommune. I nærleiken ligg ruinane av den antikke byen Eshtemoa. Beit Yatir vart grunnlagd i 1979 av studentar frå Mercaz HaRav Yeshiva. I 1983 vart moshaven flytta sørvest for den opphavlege plasseringa, til sør for byen As-Samu og den noverande plasseringa i Yatirskogen. Eit synleg landemerke i moshaven er ein høg vindturbin.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beit Yatir» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1979