Otniel (hebraisk skrift עָתְנִיאֵל) er ei jødisk-ortodoks israelsk busetjing sør i Judeafjella, sør for Hebron på den okkuperte Vestbreidda. Han er underlagt Har Hebron regionale kommune. Det bur kring 130 familiar i Otniel. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Otniel ligg sør for Beit Hagai og nord for Shim'a og den palestinske landsbyen Samu'a.
Historie Otniel vart grunnlagd i 1983 og kalla opp etter den første bibelske dommaren, Othniel Ben Kenaz.
I desember 2002 vart fire studentar drepne og ti skadde i eit terroråtak mot busetjinga.Haaretz - «IDF kills hebron area jihad leaderisraelske Ministry of Foreign AffairsJPost - «Four slain, 10 wounded in attack on Otniel yeshiva" I november 2011 vart ein rabbinar i Otniel drepen, og to kvinner skadde, då ein patrulje frå Det israelske forsvaret trudde det var mistenkte terroristar og opna eld mot bilen deira då dei køyrte til Patriarkgrotta om morgonen.Soldier who mistakenly killed rabbi: I'm sorry
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Otniel» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1983