Giv'on HaHadashah (hebraisk skrift גִּבְעוֹן הַחֲדָשָׁה, tyder Ny-Gibeon) er ei israelsk busetjing nordvest for Jerusalem på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær bydelen Ramot i Jerusalem og like ved Giv'at Ze'ev. Denne fellesbusetnaden er underlagt Matte Binyamin regionale kommune. Han er kalla opp etter den bibelske Giv'on (Josva 10:10+12), som låg i nærleiken.Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.15, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk) Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Historie Busetnaden vart opphavleg grunnlagd i 1895 av jemenittiske jødar, men dei flytta derifrå etter nokre år. Han vart busett på ny i 1924, men innbyggjarane flykta under Palestinaopprøra i 1929. Han vart busett nok ein gong i 1977 av medlemmar av Gush Emunim, og tok etter kvart i mot mange jødiske immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen, i tillegg til mange innfødde israelarar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Giv'on HaHadasha» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1895 Kategori:1895 i Det osmanske riket Kategori:Jødiske landsbyar avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948 Kategori:Palestinaopprøra i 1929 Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune